Logo
🔍

Salmenes bok 1 N78NN

Dei to vegane

1. Sæl er den som ikkje fylgjer råd frå gudlause menneske og ikkje slår inn på syndarveg eller sit i lag med spottarar,

2. men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov ¬dag og natt.

3. Han er lik eit tre, planta ved rennande bekker: Det gjev si frukt i rette tid, og lauvet visnar ikkje på det. Alt det han gjer, skal lukkast.

4. Så er det ikkje ¬med dei gudlause. Dei er lik agner ¬som spreiest for vinden.

5. Difor skal ingen gudlaus stå seg når domen fell, og ingen syndar vera med der dei rettferdige samlast.

6. For Herren kjenner vegen ¬åt dei rettferdige, men vegen åt dei gudlause fører til undergang.

»