Logo
🔍

Salmenes bok 100 N78NN

« Lat hyllingsrop lyda for Herren!

1. Ein salme til takkofferet. Lat hyllingsrop lyda ¬for Herren, all jorda!

2. Ten Herren med glede, kom fram for han med fagnad!

3. Skjøn at Herren er Gud! Han har skapt oss, ¬ikkje vi sjølve, til sitt folk ¬og til den hjord han gjæter.

4. Gå gjennom hans portar ¬med takkesong, inn i hans tempelgardar ¬med lovsong! Lov han og pris hans namn!

5. For Herren er god, ¬hans miskunn er evig, hans truskap varer ¬frå ætt til ætt.

»