Logo
🔍

Salmenes bok 101 N78NN

« Truskap og rett

1. Av David. Ein salme. Eg vil syngja om truskap ¬og rett, deg vil eg lovsyngja, Herre.

2. Eg vil gje akt ¬på den fullkomne vegen. Når vil du koma til meg? Med ærleg hjarta vil eg ferdast i mitt hus.

3. På nidingsverk ¬vil eg ikkje tenkja. Eg hatar å bryta lova, slikt skal ikkje hefta ved meg.

4. Alt som er falskt, skal bort frå mitt hjarta! Eg vil ikkje vita av det vonde.

5. Den som baktalar sin neste, han vil eg tyna. Eg kan ikkje tola den som har stolte augo og eit hovmodig hjarta.

6. Eg ser på dei trufaste i landet, dei skal få bu hjå meg. Den som går ¬den fullkomne vegen, han skal tena meg.

7. Men den som fer med svik, skal ikkje få bu i mitt hus. Ingen som talar lygn, skal verta ståande ¬for mine augo.

8. Morgon etter morgon ¬gjer eg ende på alle gudlause i landet, og alle ugjerningsmenner rydjar eg ut or Herrens by.

»