Logo
🔍

Salmenes bok 102 N78NN

« Herren vil byggja opp att Sion

1. Bøn til bruk for ein lidande, når han er kraftlaus og klagar si naud for Herren.

2. Herre, høyr mi bøn, lat mitt rop nå fram til deg!

3. Løyn ikkje ditt andlet for meg den dagen eg er i naud. Vend øyra ditt til meg, skund deg og svar ¬når eg ropar!

4. For mine dagar kverv ¬som røyk, mine lemer brenn som eld.

5. Mitt hjarta er slege ¬og visna som gras, for eg har gløymt ¬å eta mitt brød.

6. Eg sukkar og styn, eg er berre skinn og bein.

7. Eg liknar pelikanen ¬i øydemarka, er vorten som ugla ¬på aude stader.

8. Eg ligg vaken, eg er som ein einsleg fugl ¬på taket.

9. Mine fiendar spottar meg ¬heile dagen, dei som gjer narr av meg, brukar mitt namn ¬til forbanning.

10. Eg må eta oske som brød, eg blandar min drikk ¬med tårer,

11. fordi du er harm ¬og vreid på meg; du har då gripe meg ¬og slengt meg bort.

12. Dagen min hallar, ¬og skuggen lengjest, eg visnar bort som gras.

13. Men du, Herre, ¬tronar til evig tid, ditt minne varer frå ætt til ætt.

14. Du vil reisa deg ¬og miskunna Sion, for no er timen komen, tida då du vil visa nåde.

15. Dine tenarar elskar ¬steinane på Sion og ynkast ¬over grushaugane der.

16. Folkeslag skal ottast ditt namn, ¬Herre, alle kongane på jorda ¬din herlegdom.

17. For Herren vil byggja opp att ¬Sion og syna seg i sin herlegdom.

18. Han lyder etter ¬når armingar bed, og vanvørder ikkje deira bøn.

19. Dette er skrive ¬for komande ætter, eit nyskapt folk ¬skal prisa Herren.

20. For Herren ser ned ¬frå sin heilage høgsal, frå himmelen ¬skodar han ned på jorda.

21. Han vil høyra ¬når fangane sukkar, og løysa dei ¬som er vigde til døden.

22. Så skal Herrens namn ¬forkynnast på Sion, hans lov og pris i Jerusalem,

23. når folkeslag og kongerike samlar seg og tener Herren.

24. Han har brote mi kraft ¬på vegen og sett ned mitt dagetal.

25. Eg bed: Min Gud, ¬ta meg ikkje bort midt i mi levetid! Frå ætt til ætt er dine år.

26. Du grunnla jorda i gamal tid, og himmelen ¬er eit verk av dine hender.

27. Dei skal gå til grunne, ¬men du vert verande. Dei skal alle eldast ¬som ein klednad; du skifter dei ut ¬som klede. Dei vert utskifte,

28. men du er den same, dine år tek aldri ende.

29. Borna åt dine tenarar ¬får bu i fred, deira ætt skal stå trygt ¬for ditt åsyn.

»