Logo
🔍

Salmenes bok 103 N78NN

« Mi sjel, lov Herren!

1. Av David. Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn.

2. Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje ¬alle hans velgjerningar!

3. Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom.

4. Han friar ditt liv frå grava og kronar deg ¬med godleik og miskunn.

5. Han fyller ditt liv ¬med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna.

6. Herren grip inn og frelser, lèt alle som er trælka, ¬få sin rett.

7. Han kunngjorde sine vegar ¬for Moses, sine gjerningar for Israels folk.

8. Mild og nådig er Herren, langmodig og rik på miskunn.

9. Han kjem ikkje alltid ¬med klagemål og er ikkje evig harm.

10. Han gjer ikkje med oss ¬etter våre synder og løner oss ikkje ¬etter våre misgjerningar.

11. Så høg som himmelen ¬er over jorda, så stor er Herrens nåde over dei som ottast han.

12. Så langt som aust er frå vest, så langt tek han våre synder ¬bort frå oss.

13. Som ein far er miskunnsam ¬mot borna sine, er Herren miskunnsam mot dei som ottast han.

14. For han veit korleis ¬vi er skapte, han kjem i hug at vi er støv.

15. Menneskelivet er som graset. Mennesket er som blomen ¬på marka.

16. Når vinden fer framom, ¬er han borte, staden han stod på, ¬veit ikkje meir av han.

17. Frå æve til æve ¬er Herrens miskunn over dei som ottast han. Hans rettferd når ¬til barneborn

18. når fedrane held hans pakt og kjem i hug hans bod, så dei lever etter dei.

19. Herren har reist ¬sin kongsstol i himmelen, han rår som konge ¬over alle ting.

20. Lov Herren, de hans englar, de sterke heltar, ¬som set hans ord i verk, så snart de høyrer hans røyst.

21. Lov Herren, ¬alle hans hærskarar, de hans tenarar, ¬som gjer hans vilje!

22. Lov Herren, ¬heile hans skaparverk, på alle stader der han rår! Mi sjel, lov Herren!

»