Logo
🔍

Salmenes bok 104 N78NN

« Guds visdom i skaparverket

1. Lov Herren, mi sjel! Stor er du, Herre, min Gud! I høgd og herlegdom ¬har du kledt deg,

2. ljoset er kappa du sveiper ¬deg i. Du har spent himmelen ut ¬som ein teltduk

3. og tømra din høgsal i vatnet. Du gjer skyer til di vogn og fer fram ¬på vengene åt vinden.

4. Vindar gjer du til sendebod, eld og logar til dine tenarar.

5. Du grunnla jorda ¬på hennar søyler, aldri i æve skal ho rikkast.

6. Havdjupet gøymde henne ¬som ei kappe, vatnet stod over fjella.

7. Men det flydde ¬for ditt trugsmål, laut røma for ditt toremål.

8. Det steig over fjell ¬og seig ned i dalar, til staden du hadde fastsett ¬for det.

9. Du sette ei grense ¬det ikkje går over, det skal ikkje gøyma ¬jorda meir.

10. Du lèt kjelder strøyma fram ¬i dalane, bekker renn mellom fjella.

11. Dei gjev vatn ¬til alle villdyr på marka, der sløkkjer villesla sin torste.

12. Der har fuglane ¬under himmelen reir, dei syng mellom greinene.

13. Du vatnar fjella frå din høgsal, og jorda fyllest ¬med grøda du gjev.

14. Gras lèt du gro for dyra, og for menneska vokstrar ¬som dei kan dyrka. Slik lèt du brødet koma ¬frå jorda

15. – og vinen som gjer ¬menneske glade. Du lèt andletet skina av olje, og gjev brød ¬som styrkjer mennesket.

16. Herrens tre får sløkkja torsten, sedrane på Libanon, ¬som han har planta.

17. I dei byggjer fuglane reir, i sypressen har storken ¬sitt hus.

18. I dei høgaste fjell ¬har steinbukken sin heim, i bergskortene ¬finn grevlingen livd.

19. Du skapte månen ¬til tidarmerke, og sola, ¬som veit når ho skal glada.

20. Du sender mørker, ¬og natta kjem; då krek dei fram, ¬alle dyr i skogen.

21. Unge løver brøler etter rov og krev at Gud skal gje ¬dei føde.

22. Så renn sola, dei smyg seg bort og legg seg til ro i sine holer.

23. Då går mennesket ¬til si gjerning, vil gjera sitt arbeid ¬alt til kvelds.

24. Herre, kor mange ¬dine gjerningar er! Og alle har du gjort dei ¬med visdom; jorda er full av det du ¬har skapt.

25. Der er havet, så stort og vidt, med ei uteljande mengd av små og store dyr.

26. Der går skipa, der er Leviatan, som du har skapt ¬til å leika seg i havet.

27. Alle ventar dei på deg, at du skal gje dei mat i rette tid.

28. Du strøyer ut, ¬og dei kan sanka; du opnar handa og mettar dei med gode gåver.

29. Løyner du ditt andlet, ¬vert dei gripne av redsle; tek du livsanden frå dei, ¬døyr dei og vert atter til jord.

30. Du sender din Ande, ¬og liv vert skapt, heile jordflata nyar du opp att.

31. Gjev Herrens ære må vara evig, og Herren gleda seg ¬over sitt verk!

32. Når han ser på jorda, skjelv ho; når han rører fjella, ryk dei.

33. Eg vil syngja for Herren ¬heile mitt liv og prisa min Gud ¬så lenge eg er til.

34. Gjev Herren ¬må ta vel imot mitt kvad, så eg kan gleda meg i han.

35. Lat syndarane kverva frå jorda, lat ingen gudlaus finnast meir! Lov Herren, mi sjel! Halleluja!

»