Logo
🔍

Salmenes bok 105 N78NN

« Gud fører folket sitt

1. Pris Herren, ¬og kalla på hans namn, gjer hans storverk kjende ¬mellom folka!

2. Syng for han, og spel for han, tal om alle hans under!

3. Ros dykk av hans ¬heilage namn! Dei som søkjer Herren, ¬skal gleda seg.

4. Spør etter Herren og ¬hans makt, søk alltid hans åsyn!

5. Kom i hug dei under ¬han har gjort, hans teikn og domsord,

6. de born av Abraham, ¬hans tenar, Jakobs søner, ¬som han har valt ut.

7. Han er Herren vår Gud, over all jorda rår hans rett.

8. Han kjem si pakt i hug ¬til evig tid, det ord han gav til tusen ætter,

9. den pakt han gjorde ¬med Abraham, sin dyre lovnad til Isak.

10. Det gjorde han ¬til ei lov for Jakob, til ei evig pakt for Israel.

11. Han sa: «Deg vil eg gje Kanaan til arv og eige.»

12. Då dei endå var få i landet, ein liten flokk av innflyttarar,

13. vandra dei frå folk til folk, frå det eine riket til det andre.

14. Men han lét ingen få kua dei, han tukta kongar ¬for deira skuld:

15. «Rør ikkje dei som eg har salva, gjer ikkje vondt ¬mot mine profetar!»

16. Han kalla hungersnaud ¬over landet, og kvar brødstav ¬braut han sund.

17. Så sende han ein mann ¬i førevegen for dei, Josef vart seld til træl.

18. Dei tvinga hans føter i lekkjer, og jern vart lagt ¬om hans hals,

19. heilt til det han sa, slo til, og Herrens ord gav han rett.

20. Då kongen sende bod, ¬slapp Josef fri, folkestyraren sleppte han laus.

21. Han sette han til herre ¬over sitt hus, til styrar over alt det han åtte.

22. Etter sin eigen vilje skulle han rettleia ¬kongens stormenn og læra hans eldste sin visdom.

23. Så kom Israel til Egypt, Jakob var innflyttar ¬i hamittarlandet.

24. Gud lét folket sitt aukast mykje og gjorde det sterkare ¬enn fiendane.

25. Han vende deira hug, ¬så dei hata hans folk og fór med svik ¬mot hans tenarar.

26. Då sende han Moses, sin tenar, og Aron, som han hadde ¬valt ut.

27. Dei gjorde teikn frå Gud ¬mellom folket, undergjerningar ¬i hamittarlandet.

28. Han sende mørker, ¬og då mørkret fall på, trassa dei endå hans ord.

29. Han gjorde vatnet der til blod og lét fisken deira dauda.

30. Det krydde av frosk i landet, jamvel i kongens salar.

31. På Guds påbod kom det klegg og mygg i kvar ei bygd.

32. Han gav dei hagl ¬i staden for regn og sende logande eld ¬i landet;

33. han slo ned deira vintre ¬og fikentre, ja, knuste kvart tre i riket.

34. På hans bod ¬kom ein grashoppesverm og larver i tallaus mengd.

35. Dei åt opp alt ¬som voks i landet, og grøda på marka gnog dei av.

36. Gud slo alle fyrstefødde ¬i landet, fyrstegrøda av folkets kraft.

37. Så førte han israelittane ut, og dei tok med seg sølv og gull; det var ingen ¬i hans ætter som snåva.

38. I Egypt var det glede ¬då dei drog ut, for folket skalv ¬av redsle for dei.

39. Han breidde ut ei sky til vern og ein eld til å lysa om natta.

40. Dei kravde mat, ¬då sende han vaktlar og metta dei med himmelbrød.

41. Han opna berget, ¬og vatnet strøymde fram, det rann som ei elv ¬i det turre landet.

42. For han kom i hug ¬sitt heilage ord til Abraham, sin tenar.

43. Så lét han folket dra ut ¬med glede, hans utvalde folk fekk fara ¬med jubel.

44. Han gav dei land ¬som andre folk åtte, dei fekk overta frukta ¬av deira strev,

45. så dei skulle halda ¬hans føresegner og ta vare på hans lover. Halleluja!

»