Logo
🔍

Salmenes bok 106 N78NN

« Folket sannar si synd

1. Halleluja! Pris Herren, for han er god, hans miskunn varer ¬til evig tid.

2. Kven kan rekna opp ¬Herrens storverk og prisa han for alt ¬han har gjort?

3. Sæle er dei ¬som gjev akt på Guds vilje og alltid gjer det som er rett.

4. Herre, kom meg i hug ¬og lat meg få kjenna den godhug du har ¬for ditt folk. Kom til meg med di frelse,

5. så eg kan sjå kor godt det går ¬dine utvalde, gleda meg med ditt glade folk og prisa meg lukkeleg saman med dei ¬som høyrer deg til.

6. Vi har synda med våre fedrar, vi har bore oss ille åt ¬og levt ugudeleg.

7. Då våre fedrar var i Egypt, gav dei ikkje akt ¬på dine under. Dei tenkte ikkje ¬på alle dine velgjerningar, ved Sevsjøen trassa dei deg.

8. Men han frelste dei ¬for sitt namn skuld, for han ville visa ¬si veldige kraft.

9. Han truga Sevsjøen, ¬så han vart turr; gjennom havdjupet ¬førte han dei som på steppa.

10. Han frelste dei frå uveners vald og fria dei ut or fiendehand.

11. Vatnet gøymde ¬deira motstandarar, ikkje ein av dei vart att.

12. Då trudde dei på hans ord og song ein lovsong ¬til hans pris.

13. Men dei gløymde snart ¬hans verk og venta ikkje på råd frå han.

14. Dei vart fylte med brennande ¬lyst i øydemarka og sette Gud på prøve ¬i det aude landet.

15. Då lét han dei få det ¬dei kravde, men gav dei avsmak på maten.

16. Dei vart harme på Moses ¬i leiren og på Aron, ¬som var vigsla til Herren.

17. Då opna jorda seg, ¬gløypte Datan og gøymde flokken åt Abiram.

18. Det braut ut eld ¬i flokken deira, og logen øydde ¬dei gudlause menn.

19. Ved Horeb laga dei ein kalv og tilbad det støypte biletet.

20. Dei bytte bort si ære i eit bilete av ein okse som et gras.

21. Dei gløymde Gud, sin frelsar, som gjorde storverk i Egypt,

22. undergjerningar ¬i hamittarlandet og skræmelege ting ¬ved Sevsjøen.

23. Han sa at han ville rydja dei ut, men Moses, ¬den mannen han hadde kåra, la seg imellom og hindra at Gud i sin harme ¬gjorde ende på dei.

24. Dei vanvørde det fagre landet og trudde ikkje på hans ord.

25. Misnøgde murra dei i sine telt og høyrde ikkje ¬på Herrens røyst.

26. Då lyfte han handa imot dei, ville slå dei ned i øydemarka,

27. spreia deira ætt ¬mellom andre folk og strøya dei ut kring i landa.

28. Dei tok til å dyrka Ba’al-Peor og åt av offera til dei døde.

29. Dei krenkte Gud med si åtferd, og pest braut ut imellom dei.

30. Då stod Pinhas fram ¬og felte dom, og dermed stogga pesten.

31. Difor vart han rekna ¬for rettferdig frå ætt til ætt i alle tider.

32. Dei harma Gud ¬ved Meriba-kjelda; for deira skuld ¬gjekk det Moses ille.

33. Dei gjorde han beisk i hug, så han tala ¬utan å tenkja seg om.

34. Dei rudde ikkje ut ¬folka i landet, som Herren hadde sagt ¬dei føre,

35. men blanda seg med andre folk og lærte å gjera som dei.

36. Dei dyrka deira avgudsbilete, og dei vart ei snare for dei.

37. Dei ofra sine søner og døtrer til dei vonde åndene.

38. Dei drap uskyldige born. Blodet av sine søner og døtrer ofra dei til Kanaans gudebilete, og landet vart vanhelga ¬med blod.

39. Dei vart ureine ¬ved sine gjerningar, ved si åtferd ¬var dei trulause mot Gud.

40. Då vart Herren brennande ¬harm på sitt folk, han fekk uvilje mot dei ¬som høyrde han til.

41. Han gav dei i hendene ¬på andre folk, dei som hata dei, ¬vart deira herrar.

42. Fiendane plaga dei hardt, under deira hand ¬vart dei tvinga i kne.

43. Mange gonger fria han dei ut; likevel la dei planar i trass og sokk djupt i synd.

44. Men Herren høyrde deira rop og såg til dei i deira naud.

45. Han kom i hug si pakt med dei og ynkast over dei ¬i sin store truskap.

46. Så lét han dei møta miskunn hjå alle som tok dei til fange.

47. Frels oss, Herre, vår Gud, samla oss frå folkeslaga, så vi kan prisa ¬ditt heilage namn og setja vår ære ¬i å lovsyngja deg.

48. Lova vere Herren, Israels Gud, frå æve til æve! Og heile folket skal seia: ¬Amen! Halleluja!

»