Logo
🔍

Salmenes bok 108 N78NN

« Gud har tala i sin heilagdom

1. Ein song. Ein Davids-salme.

2. Mitt hjarta er roleg, Gud, eg vil spela og syngja ¬av heile mitt hjarta.

3. Vakna, harpe og lyre! Morgonroden vil eg vekkja.

4. Eg vil prisa deg ¬mellom folka, Herre, lovsyngja deg ¬mellom folkeslag.

5. Stor er di miskunn, ¬til himmelen når ho, til skyene rekk din truskap.

6. Vis deg høg ¬over himmelen, Gud, vis din herlegdom ¬over all jorda!

7. Hjelp oss med di høgre hand, svar oss, ¬så dine kjære vert berga!

8. Gud har tala i sin heilagdom: «Med jubel ¬vil eg skifta ut Sikem og mæla opp Sukkot-dalen.

9. Meg høyrer Gilead ¬og Manasse til, Efraim er hjelmen ¬på mitt hovud, og Juda er min styrarstav.

10. Men Moab er mitt vaskefat, på Edom kastar eg ¬min sko. Eg triumferer ¬over Filistarlandet.»

11. Kven fører meg ¬til festningsbyen, kven leier meg til Edom?

12. Er det ikkje du, Gud, ¬som vraka oss og ikkje drog ut ¬med våre hærar?

13. Gjev oss hjelp mot fienden! Hjelp frå menneske ¬duger ikkje.

14. Med Guds hjelp ¬skal vi gjera storverk. Han skal trakka ¬våre fiendar ned.

»