Logo
🔍

Salmenes bok 109 N78NN

« Forbanning og velsigning

1. Til korleiaren. Av David. Ein salme. Min Gud, som eg lovsyng, ¬ver ikkje tagal!

2. No opnar dei gudlause ¬munnen, ein svikefull munn, ¬imot meg. Dei talar til meg ¬med lygnartunge,

3. kringset meg med hatefull tale og strider mot meg utan grunn.

4. Til løn for min kjærleik klagar dei meg; men eg bed.

5. Dei løner godt med vondt og gjev meg hat ¬for min kjærleik.

6. Gjev min motstandar ¬over til ein gudlaus, lat ein klagar stå ¬ved hans høgre side!

7. Lat han gå domfelt ¬frå retten, lat hans bøn verta halden ¬for synd!

8. Lat hans levedagar verta få og ein annan ta hans embete!

9. Lat borna hans verta farlause og kona hans enkje!

10. Lat borna flakka ikring ¬og be seg, gå tiggargang ¬frå øydelagd heim.

11. Alt han eig, skal ein ågerkar ta, framande skal rana ¬frukta av hans strev.

12. Ingen skal visa han ¬truskap meir eller ynkast ¬over hans farlause born.

13. Hans etterkomarar ¬skal rydjast ut, deira namn skal strykast ¬i neste ættled.

14. Herren skal minnast ¬hans fedrars skuld, synda åt mor hans ¬skal ikkje takast bort.

15. Herren skal alltid ¬ha dei for auga, minnet om dei ¬skal rydjast ut frå jorda.

16. For han tenkte aldri ¬på å visa truskap, men forfylgde dei arme ¬og fattige, og dei motlause ¬ville han drepa.

17. Han elska å forbanna – lat forbanning råka ¬han sjølv! Han lika ikkje å velsigna – lat han aldri få velsigning!

18. Han tok forbanning på ¬som ein kledning – lat henne trengja inn ¬i hans kropp som vatn, i hans bein som olje!

19. Lat henne verta som ei kappe ¬han sveiper seg i, som eit belte ¬han alltid bind om seg!

20. Lat dette vera Herrens løn til dei som klagar meg og talar vondt imot meg!

21. Men, Herre, du min Herre, gjer vel imot meg ¬for ditt namn skuld! Berga meg i din godleik ¬og truskap!

22. For eg er arm og fattig, mitt hjarta er såra i min barm.

23. Eg kverv som skuggen ¬når dagen hallar; som ei grashoppe ¬vert eg sopt bort.

24. Knea sviktar fordi eg fastar, min kropp turkar inn ¬fordi han ikkje får olje.

25. Eg har vorte til spott for dei, dei rister på hovudet ¬når dei ser meg.

26. Hjelp meg, Herre, min Gud, frels meg i di miskunn!

27. Så skal dei merka di hand ¬bak dette og skjøna at du har gjort det, ¬Herre.

28. Om dei forbannar, ¬velsignar du. Om dei reiser seg mot meg, ¬vert dei til skammar, og din tenar kan gleda seg.

29. Lat mine fiendar ¬kle seg i vanære og sveipa seg i skam ¬som i ei kappe!

30. Så vil eg takka Herren ¬med lovsong, midt i mengda vil eg prisa han.

31. For han står attmed den fattige, vil hjelpa han mot dei ¬so m dømer han.

»