Logo
🔍

Salmenes bok 11 N11NN

«

1. Til korleiaren. Ein salme av David. Hos Herren søkjer eg tilflukt. Korleis kan de seia til meg: «Fly opp i fjellet som ein fugl!

2. For sjå, dei lovlause spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei ærlege av hjartet.

3. Når grunnvollane blir rivne bort, kva kan den rettferdige gjera?»

4. Herren er i sitt heilage tempel, Herren har si trone i himmelen. Auga hans ser, han prøver menneska med sitt blikk.

5. Herren prøver rettferdige og urettferdige, han hatar dei som elskar vald.

6. Over dei urettferdige lèt han det regna gloande kol og svovel, gloheit vind får dei i sitt beger.

7. Rettferdig er Herren, han elskar rettferdige gjerningar. Dei ærlege får sjå hans andlet.

»