Logo
🔍

Salmenes bok 11 N78NN

« Til Herren flyr eg

1. Til korleiaren. Av David. Til Herren flyr eg. Korleis kan de seia til meg: «Fly til fjells som ein fugl!

2. For sjå, ¬dei vonde spenner bogen og legg si pil på strengen; i mørkret vil dei skyta på dei som er ærlege av hjarta.

3. Når grunnvollen vert riven bort, kva kan då ¬den rettferdige gjera?»

4. Herren er i sitt heilage tempel, i himmelen har han ¬sin kongsstol. Hans augo skodar utover, han prøver menneska ¬med sitt blikk.

5. Herren ransakar ¬rettferdige og gudlause, han hatar dei som elskar vald.

6. Over dei vonde ¬lèt han det regna gloande kol og svovel, gloheit vind er den luten dei får.

7. Rettferdig er Herren, ¬han elskar rettferd; dei ærlege får sjå hans åsyn.

»