Logo
🔍

Salmenes bok 110 N11NN

«

1. Av David. Ein salme. Herren seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar som skammel for dine føter!»

2. Frå Sion retter Herren ut ditt mektige septer. Du skal herska mellom dine fiendar!

3. Folket ditt møter villig fram den dagen du viser di kraft. Din ungdoms dogg kjem til deg i heilag prakt, or morgonròdens fang.

4. Herren har svore og angrar det ikkje: «Du er prest til evig tid på Melkisedeks vis.»

5. Herren er ved di høgre hand, han knuser kongar på sin vreidedag.

6. Han held dom over folkeslag, det er fullt av lik, han knuser hovud vidt over jord.

7. Han drikk av bekken ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

»