Logo
🔍

Salmenes bok 110 N78NN

« Prestekongen

1. Ein Davids-salme. Herren seier til min herre: «Set deg ved mi høgre hand til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter!»

2. Frå Sion retter Herren ut din mektige kongsstav. Ver herre mellom dine fiendar!

3. Ditt folk møter viljug fram den dagen du mønstrar ¬din hær. I heilagt skrud ¬kjem din ungdom til deg som dogg ¬ut or morgonrodens fang.

4. Herren har svore ¬og angrar det ikkje: «Du skal vera prest ¬til evig tid på Melkisedeks vis.»

5. Herren er ved di høgre side, han knuser kongar ¬på sin vreidedag.

6. Han dømer folkeslag ¬– det er fullt av lik, hovdingar knuser han ¬vidt over jord.

7. Kongen drikk or bekken ¬ved vegen, difor lyfter han hovudet høgt.

»