Salmenes bok 111 N11NN
1. Halleluja! Alef א Eg vil takka Herren av heile mitt hjarte Bet ב i dei rettvises råd og forsamling. Gimel ג
2. Herrens gjerningar er store, Dalet ד alle som elskar dei, grundar på dei. He ה
3. Høgt og herleg er hans verk, Waw ו hans rettferd varer til evig tid. Zajin ז
4. Han har skapt seg eit namn ved sine under, Het ח Herren er nådig og mild. Tet ט
5. Han gjev mat til dei som fryktar han, Jod י han minnest si pakt til evig tid. Kaf כ
6. Han viste sitt folk kor mektig han var Lamed ל då han gav dei det andre folk eigde. Mem מ
7. Sanning og rett er hans henders verk, Nun נ pålitelege er alle hans bod, Samek ס
8. dei er grunnfeste for evige tider, Ajin ע dei skal haldast i sanning og rettvise. Pe פ
9. Han gav folket fridom Tsade צ og fastsette si pakt for evig. Qof ק Namnet hans er heilagt, det vekkjer frykt. Resj ר
10. Å frykta Herren er opphav til visdom, Sin alle som gjer det, har god forstand. Taw ת Hans lovsong varer til evig tid.