Logo
🔍

Salmenes bok 112 N11NN

«

1. Halleluja! Alef א Sæl er den som fryktar Herren Bet ב og har glede i hans bod. Gimel ג

2. Hans ætt blir mektig i landet, Dalet ד den rettskafne slekta blir velsigna. He ה

3. Det er velstand og rikdom i hans hus, Waw ו hans rettferd skal alltid vara. Zajin ז

4. Lys bryt fram i mørkret for dei rettvise, Het ח for den som er nådig, mild og rettferdig. Tet ט

5. Det går vel med den som villig gjev lån, Jod י den som steller sine saker rett. Kaf כ

6. Han skal aldri i æve vakla, Lamed ל den rettferdige blir alltid hugsa. Mem מ

7. Han er ikkje redd for vonde rykte, Nun נ hans hjarte er roleg og trygt i Herren. Samek ס

8. Hans hjarte er grunnfest, utan frykt. Ajin ע Til slutt får han sjå at fienden fell. Pe פ

9. Han strør ut, han gjev til dei fattige, Tsade צ hans rettferd skal alltid vara, Qof ק stor og herleg blir hans makt. Resj ר

10. Den urettferdige ser det og blir sint, Sjin ש skjer tenner og veiknar bort. Taw ת Det dei urettferdige trår etter, blir til inkjes.

»