Salmenes bok 112 N78NN
1. Halleluja! Sæl er den som ottast Herren, og har si store glede ¬i hans bod.
2. Hans ætt vert mektig i landet, ætta åt dei ærlege ¬får velsigning.
3. Det er velstand og rikdom ¬i hans hus, hans rettferd skal alltid vara.
4. Ljos bryt fram i mørkret ¬for dei ærlege, for den som er nådig, ¬miskunnsam og rettferdig.
5. Sæl er den som viljug gjev lån, som steller med sitt på rett vis.
6. Han skal aldri i æve rikkast, evig er minnet ¬om rettvis mann.
7. Han er ikkje redd ¬for vonde rykte, hans hjarta er fast, ¬han lit på Herren.
8. Hans hug er roleg og utan otte, til sist får han sjå ¬at hans fiendar fell.
9. Han strøyer ut, ¬han gjev til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara; stor vert hans makt og ære.
10. Når dei gudlause ser det, ¬harmast dei, skjer tenner og veiknar bort. Det dei gudlause vil, ¬vert det ingenti ng av.