Logo
🔍

Salmenes bok 113 N78NN

« Han reiser dei ringe or støvet

1. Halleluja! Syng lovsong, Herrens tenarar, lovsyng Herrens namn!

2. Lova vere Herrens namn frå no og til evig tid!

3. Frå solrenning til soleglad skal Herrens namn vera lova.

4. Opphøgd er Herren ¬over alle folkeslag, over himmelen ¬er hans herlegdom.

5. Kven er som Herren vår Gud, han som tronar i det høge,

6. som ser ned i det djupe, i himmelen og på jorda?

7. Han reiser dei ringe or støvet, lyfter dei fattige or oska

8. og sessar dei saman ¬med stormenn, med hovdingane i sitt folk.

9. Barnlaus kvinne lèt han bu ¬i huset som lukkeleg mor ¬til ein barneflokk. Halleluja!

»