Logo
🔍

Salmenes bok 114 N11NN

«

1. Då Israel drog ut frå Egypt, Jakobs hus frå eit framandt folk,

2. då vart Juda hans heilagdom og Israel hans rike.

3. Havet såg det og rømde, Jordan snudde og rann tilbake.

4. Fjella hoppa som vêrar og haugane som lam.

5. Kva har hendt deg, hav, sidan du rømmer, sidan du snur og renn tilbake, Jordan,

6. sidan de hoppar som vêrar, de fjell, og som lam, de haugar?

7. Jord, skjelv for Herrens andlet! Skjelv for Jakobs Gud,

8. han som gjer berget til ein innsjø og harde fjellet til ei vassrik kjelde.

»