Logo
🔍

Salmenes bok 114 N78NN

« Då Israel drog ut or Egypt

1. Då Israel drog ut or Egypt, då Jakobs ætt tok ut frå eit folk som tala eit framandt språk,

2. vart Juda Herrens heilagdom og Israel hans rike.

3. Sjøen såg det og rømde, Jordan snudde og rann tilbake.

4. Fjella hoppa som verar og haugane som lam.

5. Kva har hendt deg, sjø, ¬sidan du rømer? Kvifor renn du tilbake, Jordan?

6. De fjell, ¬kvifor hoppar de som verar, de haugar, ¬kvifor spring de som lam?

7. Skjelv for Herrens åsyn, ¬du jord, skjelv for Jakobs Gud,

8. han som gjer berget til eit vatn og harde fjellet til ei kjelde.

»