Logo
🔍

Salmenes bok 115 N78NN

« Israels Gud velsignar

1. Lat ikkje oss få ære, Herre, ikkje oss, ¬men ditt heilage namn! For du er god og trufast.

2. Kvifor skal folkeslaga seia: «Kvar er no deira Gud?»

3. Vår Gud er i himmelen, alt han vil, det gjer han.

4. Deira gudebilete ¬er laga av sølv og gull; dei er eit verk ¬av menneskehender.

5. Dei har munn, ¬men kan ikkje tala, dei har augo, ¬men kan ikkje sjå.

6. Dei har øyro, ¬men kan ikkje høyra, dei har nase, ¬men kan ikkje lukta.

7. Dei kan ikkje gripa ¬med sine hender og kan ikkje gå med ¬sine føter; dei har ikkje mål i strupen.

8. Såleis vert dei som lagar dei òg, og alle som set si lit til dei.

9. Israel, set di lit til Herren! Han er deira hjelp og skjold.

10. Arons ætt, set di lit ¬til Herren! Han er deira hjelp og skjold.

11. De som ottast Herren, ¬lit på han! Han er deira hjelp og skjold.

12. Herren kjem oss i hug ¬og velsignar oss. Han velsignar Israels ætt, han velsignar Arons ætt.

13. Han velsignar ¬dei som ottast han, dei små med dei store.

14. Gjev Herren må la dykk ¬auka i tal, både dykk og borna dykkar!

15. Velsigna vere de av Herren, han som skapte himmel ¬og jord!

16. Himmelen er Herrens himmel, men jorda gav han ¬til menneska.

17. Dei døde prisar ikkje Herren, det gjer ingen ¬som stig ned i stilla.

18. Men vi skal lova Herren frå no og til evig tid. Halleluja!

»