Logo
🔍

Salmenes bok 116 N78NN

« Du har berga mitt liv frå døden

1. Eg elskar Herren, for han høyrde meg då eg trygla og bad.

2. Fordi han vende øyra ¬til meg, vil eg kalla på han ¬alle mine dagar.

3. Dødens lekkjer snørte seg ¬om meg, helheims redsler greip meg, eg fann berre naud og sorg.

4. Då kalla eg på Herren: «Å, Herre, berga mitt liv!»

5. Herren er nådig og rettferdig, miskunnsam er vår Gud.

6. Herren vernar dei umyndige, han kom meg til hjelp ¬då eg var veik.

7. Kom til ro att, mi sjel, for Herren har gjort vel ¬imot deg!

8. Ja, du har berga mitt liv ¬frå døden, mitt auga frå gråt ¬og min fot frå fall.

9. Eg får ferdast for Herrens åsyn i landet åt dei levande.

10. Eg trudde, jamvel då eg sa: «Eg er ille plaga.»

11. I min angst og mi uro sa eg: «Kvart menneske ¬er ein lygnar.»

12. Kva skal eg gje Herren att for alle hans velgjerningar ¬mot meg?

13. Eg lyfter frelsesstaupet og kallar på Herrens namn.

14. Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk.

15. Det er dyrt i Herrens augo at hans trugne døyr.

16. Å, Herre, eg er din tenar, din tenar ¬og son til di trælkvinne. Du har løyst mine lekkjer.

17. Eg vil bera fram takkoffer ¬til deg og kalla på Herrens namn.

18. Eg vil halda mine lovnader ¬til Herren for augo på heile hans folk,

19. i føregardane til Herr ens hus, midt i deg, Jerusalem. Halleluja!

»