Salmenes bok 118 N78NN
1. Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn.
2. Så skal Israel seia: Evig varer hans miskunn.
3. Arons ætt skal seia: Evig varer hans miskunn.
4. Dei som ottast Herren, ¬skal seia: Evig varer hans miskunn.
5. I trengsla ropa eg til Herren, han svara ¬og førte meg ut i ope lende.
6. Når Herren er med, ¬reddast eg ikkje. Kva kan vel menneske ¬gjera meg?
7. Når Herren er min hjelpar, kan eg sjå på mine fiendar ¬utan otte.
8. Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til menneske.
9. Det er betre å fly til Herren enn å setja si lit til stormenn.
10. Alle folkeslag kringsette meg; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
11. Dei var ikring meg ¬på alle kantar; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
12. Dei var ikring meg som bier. Dei slokna som eld i klunger; eg heldt dei frå livet ¬i Herrens namn.
13. Dei støytte meg hardt, ¬eg heldt på å falla, men Herren kom meg til hjelp.
14. Herren er mi kraft ¬og min styrke, og han har vorte mi berging.
15. Høyr, jubel og sigersrop lyder i telta åt dei rettferdige! Herrens høgre hand ¬gjer storverk,
16. Herrens hand reiser opp. Herrens høgre hand ¬gjer storverk.
17. Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja ¬om Herrens gjerningar.
18. Hardt har Herren tukta meg, men han lét meg ikkje døy.
19. Lat rettferdsporten opp ¬for meg, eg vil gå inn og prisa Herren!
20. Her er Herrens port, gjennom den ¬går dei rettferdige inn.
21. Eg takkar deg ¬fordi du svara meg, fordi du vart mi berging.
22. Den steinen ¬bygningsmennene vraka, har vorte hjørnestein.
23. Det er Herrens eige verk, underfullt er det i våre augo.
24. Dette er dagen ¬som Herren har gjort; lat oss jubla og gleda oss no!
25. Å, Herre, gjev frelse, å, Herre, lat det lukkast!
26. Velsigna vere den som kjem i Herrens namn! Vi velsignar dykk ¬frå Herrens hus.
27. Herren er Gud, ¬han gav oss ljos. Knyt festtoget saman ¬med greiner heilt opp til altarhorna!
28. Du er min Gud, eg takkar deg; min Gud, eg lovsyng deg.
29. Pris Herren, for han er god, ev ig varer hans miskunn.