Salmenes bok 119 N11NN
1. Sæle er dei som er heile i si ferd, dei som følgjer Herrens lov.
2. Sæle er dei som tek vare på hans lovbod, som søkjer han av heile sitt hjarte.
3. Dei gjer ikkje urett, men går på hans vegar.
4. Du har gjeve dine påbod for at dei skal haldast nøye.
5. Lat meg ferdast med faste steg så eg held dine forskrifter!
6. Då blir eg ikkje til skamme når eg har alle dine bod for auge.
7. Eg prisar deg av eit ærleg hjarte når eg lærer dine rettferdige lover.
8. Eg vil halda dine forskrifter, du må ikkje svikta meg! Bet ב
9. Korleis held den unge stigen sin rein? Ved å akta på dine ord.
10. Eg søkjer deg av heile mitt hjarte, lat meg ikkje villast bort frå dine bod!
11. Eg gøymer ditt ord i hjartet så eg ikkje skal synda mot deg.
12. Velsigna er du, Herre! Lær meg dine forskrifter!
13. Leppene mine reknar opp alle lovene frå din munn.
14. Dine lovbod viser meg veg, dei gjev like stor glede som all rikdom.
15. Eg vil grunda på dine påbod, festa blikket på dine stigar.
16. Eg frydar meg over dine forskrifter, eg gløymer ikkje dine ord. Gimel ג
17. Gjer godt mot din tenar, eg vil leva og akta på dine ord.
18. Lat opp auga mine så eg kan sjå det underfulle i di lov!
19. Eg er ein framand på jorda, løyn ikkje boda dine for meg!
20. Eg fortærest dag og natt av lengt etter dine lover.
21. Du refsar dei frekke og bannstøytte, som villar seg bort frå dine bod.
22. Ta spott og forakt bort frå meg, for eg tek vare på dine lovbod.
23. Sjølv når stormenn sit og snakkar om meg, grundar din tenar på dine forskrifter.
24. Ja, eg frydar meg over dine lovbod, det er dei som gjev meg råd. Dalet ד
25. Eg ligg pressa mot støvet. Gjev meg liv slik du har sagt!
26. Eg fortalde om mine vegar, og du svara meg. Lær meg dine forskrifter!
27. Lat meg skjøna den vegen dine påbod viser! Eg vil grunda på dine under.
28. Mi sjel græt av sorg. Reis meg opp slik du har sagt!
29. Hald løgns veg borte frå meg, gjev meg i nåde di lov!
30. Eg har valt truskaps veg, dine lover har eg for auge.
31. Eg held fast på dine lovbod. Herre, lat meg ikkje bli til skamme!
32. Eg vil springa den vegen dine bod viser, for du gjer mitt hjarte stort. He ה
33. Herre, lær meg den vegen dine forskrifter viser, så vil eg alltid ta vare på han!
34. Gjev meg vit til å ta vare på di lov og halda henne av heile mitt hjarte!
35. Lei meg på den stigen boda dine viser, for han gjev meg glede.
36. Bøy mitt hjarte mot dine lovbod og ikkje mot eiga vinning!
37. Vend blikket mitt bort frå det som er tomt, gjev meg liv på din veg!
38. Lat ditt ord til din tenar stå fast så eg kan frykta deg.
39. Ta bort spotten eg fryktar, for dine lover er gode!
40. Sjå, eg lengtar etter dine påbod, gjev meg liv ved di rettferd! Waw ו
41. Herre, lat di miskunn koma til meg, og di frelse, slik du har sagt!
42. Då kan eg gje spottaren svar, for eg lit på ditt ord.
43. Riv ikkje sanningsordet ut or min munn, for eg ventar på dine lover.
44. Då vil eg stadig halda di lov, for evig og alltid.
45. Lat meg ferdast i ope land, for eg spør etter dine påbod!
46. Eg vil tala for kongar om dine lovbod, og eg skal ikkje bli til skamme.
47. Eg frydar meg over dine bod, dei som eg elskar.
48. Eg lyfter hendene mot boda dine, som eg elskar, og grundar på dine forskrifter. Zajin ז
49. Kom i hug ditt ord til din tenar. Gjennom det har du gjeve meg von.
50. Det er mi trøyst i nauda at ditt ord gjev meg liv.
51. Dei frekke håner meg grovt, men eg har ikkje bøygd av frå di lov.
52. Eg kjem i hug dine lover frå gammal tid, Herre, då finn eg trøyst.
53. Eg blir gripen av harme over dei lovlause, dei som går bort frå di lov.
54. Dine forskrifter er mine songar kvar eg enn held til.
55. Herre, eg kjem i hug namnet ditt om natta, og eg held di lov.
56. Slik er det med meg, for eg tek vare på dine påbod. Het ח
57. Herren er min arvedel, eg lovar å halda dine ord.
58. Av heile mitt hjarte bed eg om velvilje for ditt andlet. Ver meg nådig slik du har sagt!
59. Eg har tenkt over mine vegar, eg vil venda attende til dine lovbod.
60. Eg skundar meg, eg dryger ikkje med å halda dine bod.
61. Dei lovlauses band slyngjer seg om meg, men eg gløymer ikkje di lov.
62. Midt på natta står eg opp og prisar deg for dine rettferdige lover.
63. Eg er ven med alle som fryktar deg, med dei som held dine påbod.
64. Herre, jorda er full av di miskunn. Lær meg dine forskrifter! Tet ט
65. Herre, du gjer vel mot din tenar slik som du har sagt.
66. Gjev meg kunnskap og godt vit, eg stolar på dine bod!
67. Før eg vart audmjuka, var eg på villspor, no held eg det du har sagt.
68. Du er god, og det du gjer, er godt. Lær meg dine forskrifter!
69. Dei frekke svertar meg med løgn, eg tek vare på dine påbod av heile mitt hjarte.
70. Deira hjarte er sløvt av feitt, men eg frydar meg over di lov.
71. Det var godt for meg å bli audmjuka så eg kunne læra dine forskrifter.
72. Lova frå din munn er betre for meg enn mengder av gull og sølv. Jod י
73. Dine hender har skapt meg og halde meg oppe. Gjev meg skjøn så eg lærer dine bod!
74. Dei som fryktar deg, skal sjå meg og bli glade, for eg ventar på ditt ord.
75. Herre, eg veit at lovene dine er rette, at du var trufast då du audmjuka meg.
76. Lat di miskunn vera mi trøyst slik du har sagt til din tenar!
77. Lat din kjærleik koma til meg, så eg kan leva, for eg frydar meg over di lov.
78. Lat dei frekke bli til skamme, dei som krenkjer meg med løgn. Eg grundar på dine påbod.
79. Lat dei som fryktar deg, koma tilbake, lat dei som kjenner dine lovbod, koma til meg.
80. Lat meg følgja dine forskrifter med heilt hjarte så eg ikkje blir til skamme. Kaf כ
81. Eg tærest bort av lengsel etter di frelse, eg ventar på ditt ord.
82. Auga sloknar, eg ventar på dine ord, eg spør: «Når vil du trøysta meg?»
83. Eg har vorte som ein skinnsekk i røyk, likevel gløymer eg ikkje dine forskrifter.
84. Kor mange dagar har din tenar att? Når vil du fella dom over dei som jagar meg?
85. Dei frekke grev fallgraver for meg i strid med di lov.
86. Pålitelege er alle dine bod. Hjelp meg! Dei jagar meg med løgn.
87. Dei har mest gjort ende på meg her på jorda, men eg forlèt ikkje dine påbod.
88. Gjev meg liv i di miskunn, så vil eg halda lovbodet frå din munn. Lamed ל
89. I all æve, Herre, står ditt ord fast i himmelen.
90. Din truskap varer frå slekt til slekt, du har grunnfest jorda, og ho står ved lag.
91. Etter dine lover står dei til denne dag, for alle ting må tena deg.
92. Om eg ikkje frydar meg over di lov, går eg til grunne i mi naud.
93. Eg gløymer aldri dine påbod, ved dei gjev du meg liv.
94. Frels meg, for eg er din! Eg spør etter dine påbod.
95. Dei lovlause ventar på å øydeleggja meg, eg tenkjer på dine lovbod.
96. Eg ser at alt som er fullkome, har ei grense, men ditt bod når uendeleg vidt. Mem מ
97. Kor eg elskar di lov! Eg grundar på henne heile dagen.
98. Ditt bod gjer meg meir vis enn mine fiendar. Det er alltid hos meg.
99. Eg skjønar meir enn alle mine lærarar, for eg grundar på dine lovbod.
100. Eg har meir innsikt enn dei gamle, for eg tek vare på dine påbod.
101. Eg held føtene borte frå vonde vegar så eg kan akta på ditt ord.
102. Eg vik ikkje frå dine lover, for du rettleier meg.
103. Kor søte dine ord er for ganen, betre enn honning i munnen.
104. Eg får innsikt av dine påbod, difor hatar eg falske vegar. Nun נ
105. Ditt ord er ei lykt for min fot og eit lys for min stig.
106. Eg har svore, og det står eg ved, at eg vil halda dine rettferdige lover.
107. Eg er djupt nedbøygd. Herre, gjev meg liv slik du har sagt!
108. Herre, ta imot gåva frå min munn og lær meg dine lover!
109. Eg går alltid med livet i hendene, men gløymer ikkje di lov.
110. Dei lovlause sette ei snare for meg, men eg villar meg ikkje bort frå dine påbod.
111. Dine lovbod er min eigedom for alltid, dei gleder mitt hjarte.
112. Eg bøyer hjartet mot dine forskrifter for alltid, til evig tid. Samek ס
113. Eg hatar dei som har eit delt hjarte, men eg elskar di lov.
114. Du er mitt vern og mitt skjold, eg ventar på ditt ord.
115. Vik frå meg, valdsmenn! Eg vil ta vare på boda frå min Gud.
116. Hald meg oppe slik du har sagt, så eg kan leva. Lat ikkje mi von bli til skamme!
117. Støtt meg så eg blir berga og alltid har dine forskrifter for auge.
118. Alle som villar seg bort frå dine forskrifter, vrakar du, for dei fer med svik og løgn.
119. Alle dei lovlause i landet tek du bort som slagg, difor elskar eg dine lovbod.
120. Kroppen skjelv av redsle for deg, eg fryktar dine lover. Ajin ע
121. Eg har gjort det som er rett og rettferdig. Overlat meg ikkje til dei som vil undertrykkja meg!
122. Gå god for din tenar så det går han vel. Lat ikkje dei frekke undertrykkja meg!
123. Auga sloknar, eg ventar på di frelse og på ditt rettferdige ord.
124. Vis miskunn mot din tenar, lær meg dine forskrifter!
125. Eg er din tenar, gjev meg skjøn så eg kan kjenna dine lovbod!
126. Det er tid for å gripa inn, Herre, for dei har brote di lov.
127. Difor elskar eg dine bod meir enn gull, ja, skinande gull.
128. Difor retter eg meg etter alle dine påbod, eg hatar alle falske vegar. Pe פ
129. Underfulle er dine lovbod, difor tek eg vare på dei.
130. Dine ord gjev lys når dei opnar seg, dei gjev uvitande skjøn.
131. Med lengsel opnar eg munnen, for eg stundar etter dine bod.
132. Vend deg til meg og ver meg nådig! Det er rett mot dei som elskar namnet ditt.
133. Gjer mine steg faste slik du har sagt, lat ingen urett få makt over meg!
134. Fri meg frå dei som bruker vald, så vil eg halda dine påbod!
135. Lat ditt andlet lysa over din tenar, lær meg dine forskrifter!
136. Tårene strøymer frå auga mine på grunn av dei som ikkje held di lov. Tsade צ
137. Du er rettferdig, Herre, dine lover er rette.
138. Du gjev dine lovbod i rettferd og i din store truskap.
139. Min brennande iver gjer ende på meg, for motstandarane mine har gløymt dine ord.
140. Ditt ord er prøvd med eld, tenaren din elskar det.
141. Eg er ung og forakta, men eg gløymer ikkje dine påbod.
142. Di rettferd er alltid rett, di lov er sanning.
143. Naud og trengsle har kome over meg, men eg frydar meg over dine bod.
144. Dine lovbod er alltid rette. Gjev meg skjøn så eg kan leva! Qof ק
145. Eg ropar av heile mitt hjarte, svar meg, Herre! Dine forskrifter vil eg ta vare på.
146. Eg ropar til deg, frels meg så eg kan halda dine lovbod!
147. Før morgonen renn, ropar eg. Eg ventar på ditt ord.
148. Med auga opne går eg inn i kvar nattevakt for å grunda på ditt ord.
149. Høyr meg i di miskunn, Herre, gjev meg liv etter dine lover!
150. Dei som skamlaust jagar meg, er nær, dei er langt borte frå di lov.
151. Herre, du er nær, alle dine bod er sanning.
152. Av dine lovbod har eg lenge skjøna at du har grunnlagt dei for evig. Resj ר
153. Sjå mi naud og fri meg ut! For eg har ikkje gløymt di lov.
154. Før mi sak og kjøp meg fri, gjev meg liv etter ditt ord!
155. For dei lovlause er hjelpa langt borte, dei spør ikkje etter dine forskrifter.
156. Herre, di miskunn er stor, gjev meg liv etter dine lover!
157. Det er mange som jagar meg og står meg imot, men eg bøyer ikkje av frå dine lovbod.
158. Eg ser dei trulause og kjenner avsky, dei tek ikkje vare på ditt ord.
159. Sjå, eg elskar dine påbod! Herre, gjev meg liv i di miskunn!
160. Summen av ditt ord er sanning, dine rettferdige lover varer evig. Sjin ש
161. Stormenn jagar meg utan grunn, men i hjartet fryktar eg ditt ord.
162. Eg gleder meg over ditt ord lik ein som vinn stort krigsbytte.
163. Eg hatar og avskyr løgn, men eg elskar di lov.
164. Sju gonger om dagen lovsyng eg deg for dine rettferdige lover.
165. Stor fred har dei som elskar di lov, ingen ting får dei til å snubla.
166. Herre, eg ventar på di frelse, eg følgjer dine bod.
167. Eg tek vare på dine lovbod, og eg elskar dei høgt.
168. Eg har halde dine bod og påbod, du kjenner alle mine vegar. Taw ת
169. Herre, lat ropet mitt nå fram til deg, gjev meg skjøn etter ditt ord!
170. Lat mi bøn koma fram for deg, berg meg, som du har sagt!
171. Lat leppene strøyma over av lovsong, for du lærer meg dine forskrifter.
172. Lat tunga syngja ut ditt ord, for alle dine bod er rettferdige.
173. Lat di hand koma meg til hjelp, for eg har valt dine påbod.
174. Herre, eg lengtar etter di frelse, eg frydar meg over di lov.
175. Lat meg leva og lovsyngja deg, lat dine lover vera mi hjelp!
176. Eg har villa meg bort som ein bortkomen sau. Leit etter meg, din tenar, eg har ikkje gløymt dine bod.