Logo
🔍

Salmenes bok 12 N78NN

« Herre, du vil verna oss

1. Til korleiaren. Etter «Den åttande». Ein Davids-salme.

2. Berga meg, Herre! ¬Dei trugne er borte, det finst ikkje ¬trufaste menneske meir.

3. Lygn talar dei, ¬kvar med sin neste, med tvihug og falske lipper.

4. Gjev Herren må rydja ut alle som fer med lygn og talar store ord,

5. som seier: «Vi har vår styrke i tunga, og vi har lippene med oss. Kven meistrar vel oss?»

6. «Fordi dei verjelause ¬vert trælka og dei fattige styn, vil eg reisa meg no,» ¬seier Herren. «Eg vil frelsa dei som stundar etter hjelp.»

7. Herrens ord er reine ord, lik sølv som er skirsla ¬i smelteomnen, sju gonger reinsa.

8. Herre, du vil vara oss, alltid verna oss mot denne ætta,

9. når gudlause menneske ¬fer ikring, og usseldom får makta ¬mellom folk.

»