Logo
🔍

Salmenes bok 120 N78NN

« Eg ynskjer fred

1. Ein song til festferdene. Til Herren ropa eg i mi naud, og han høyrde mi bøn.

2. Frels meg frå lipper som lyg, frå falske tunger, Herre!

3. Kva skal han gje deg, ¬du falske tunge, og kva meir skal han la deg få?

4. Kvasse piler ¬frå stridsmannens boge og gloande kol ¬av gyvelbusken.

5. Ve meg, som må halda til ¬i Mesjek og bu mellom Kedars telt!

6. Altfor lenge har eg butt mellom folk som hatar fred.

7. Eg ynskjer fred; ¬men seier eg eit ord, er dei ferdige til strid.

»