Logo
🔍

Salmenes bok 121 N78NN

« Herren er din vaktar

1. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til fjella: Kvar kjem mi hjelp ifrå?

2. Mi hjelp kjem frå Herren, han som skapte himmel ¬og jord.

3. Han lèt ikkje foten din ¬vera ustø, din vaktar blundar ikkje.

4. Nei, han blundar ikkje ¬og søv ikkje, Israels vaktar.

5. Herren er din vaktar, ¬Herren er din skugge, han er ved di høgre hand.

6. Sola skal ikkje stikka deg ¬om dagen og månen ikkje skada deg ¬om natta.

7. Herren skal vara deg ¬frå alt vondt og verna om ditt liv.

8. Herren skal vara ¬din utgang og din inngang frå no og til evig tid.

»