Logo
🔍

Salmenes bok 122 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Av David. Eg vart glad då dei sa til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.»

2. Føtene våre står i portane dine, Jerusalem.

3. Jerusalem, du er bygd som ein heil og samla by!

4. Dit dreg stammane opp, Herrens stammar! Det er ei lov for Israel å prisa Herrens namn.

5. Ja, der står troner for dommarar, kongsstolar for Davids hus.

6. Bed om fred for Jerusalem! Må dei som elskar deg, leva trygt!

7. Må fred råda innanfor dine vollar, tryggleik i dine borger!

8. For mine brør og vener skuld vil eg seia: «Fred over deg!»

9. For tempelet skuld, Herren vår Guds hus, vil eg ønskja deg det gode.

»