Logo
🔍

Salmenes bok 122 N78NN

« Bed om fred for Jerusalem!

1. Ein song til festferdene. Av David. Eg er glad når dei seier til meg: «Vi vil gå til Herrens hus.»

2. No har vi sett våre føter i dine portar, Jerusalem.

3. Jerusalem, du velbygde by, som ligg der samla ¬og samanbunden!

4. Dit fer ættene opp, ættene som høyrer Herren til. Det er ei lov for Israel at dei skal prisa ¬Herrens namn der.

5. Ja, der er domarsete reiste, troner for Davids hus.

6. Bed om fred for Jerusalem! Gjev dei som elskar deg, ¬må leva trygt!

7. Gjev fred får råda ¬bak dine murar og tryggleik i dine borger!

8. For mine brør og frendar skuld seier eg: «Fred over deg!»

9. Fordi Herren vår Gud ¬har sitt hus i deg, bed eg at det må gå deg vel.

»