Logo
🔍

Salmenes bok 123 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Til deg lyfter eg mine auge, du som tronar i himmelen.

2. Som auga til tenarar følgjer handa til herrane, som auga til tenestekvinna følgjer handa til husfrua, slik følgjer auga våre Herren vår Gud heilt til han viser oss nåde.

3. Ver nådig mot oss, Herre, ver nådig! For vi er meir enn mette av forakt,

4. meir enn mette av hån frå dei sjølvsikre og forakt frå dei hovmodige.

»