Logo
🔍

Salmenes bok 123 N78NN

« Eg lyfter mine augo til deg

1. Ein song til festferdene. Eg lyfter mine augo til deg, du som tronar i himmelen,

2. liksom trælen fylgjer handa åt herren sin med augo. Liksom trælkvinna fylgjer handa åt husfrua med augo, så vender vi augo ¬mot Herren vår Gud, til dess han viser oss nåde.

3. Ver oss nådig, Herre, ¬ver oss nådig! For vi har fått meir enn nok ¬av spott.

4. Vi er mette av spott ¬frå sjølvtrygge folk, og av vanvørdnad ¬frå dei hovmodige.

»