Logo
🔍

Salmenes bok 124 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Av David. Hadde ikkje Herren vore med oss, skal Israel seia,

2. hadde ikkje Herren vore med då menneske reiste seg mot oss,

3. så hadde dei slukt oss levande då vreiden deira flamma opp,

4. så hadde vatnet skylt over oss, flaumen hadde strøymt over oss,

5. så hadde det veldige vatnet strøymt over oss.

6. Velsigna er Herren som ikkje gav oss til rov for deira tenner!

7. Vi slapp fri som fuglen frå jegerens snare. Snara rauk, og vi slapp fri.

8. Vår hjelp er i Herrens namn, han som skapte himmel og jord.

»