Logo
🔍

Salmenes bok 124 N78NN

« Vi får hjelp frå Herren

1. Ein song til festferdene. Av David. Hadde ikkje Herren ¬vore med oss – så skal Israel seia –

2. hadde ikkje Herren vore med då menneske reiste seg ¬mot oss,

3. så hadde dei slukt oss levande då deira vreide loga imot oss;

4. då hadde vatnet rive oss bort og flaumen skylt over oss,

5. då hadde dei veldige ¬vassmengdene kome veltande over oss.

6. Lova vere Herren, som ikkje gav oss til rov ¬for deira tenner!

7. Vi slapp fri som fuglen or fuglefangarens snare. Snara rivna, og vi slapp fri.

8. Vi har vår hjelp ¬i Herrens namn, Han som skapte himmel og jord.

»