Logo
🔍

Salmenes bok 125 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Dei som set si lit til Herren, er som Sion-fjellet; det skal aldri rokkast, men stå til evig tid.

2. Fjell omgjev Jerusalem, Herren omgjev sitt folk frå no og til evig tid.

3. Urettferdig kongsstav skal ikkje kvila over landet dei rettferdige arva, for då kunne den rettferdige lyfta handa til urett.

4. Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har eit ærleg hjarte.

5. Men Herren sender frå seg dei som går krokvegar, og dei som gjer urett. Fred over Israel!

»