Salmenes bok 125 N78NN
1. Ein song til festferdene. Dei som set si lit til Herren, er som Sion-fjellet; det skal aldri rikkast, ¬men stå til evig tid.
2. Liksom fjella ¬ligg vernande om Jerusalem, såleis vernar Herren ¬om sitt folk frå no og til evig tid.
3. Nidings kongsstav ¬skal ikkje kvila på landet ¬som dei rettferdige fekk, så ingen rettferdig ¬skal retta ut handa og gjera det som vondt er.
4. Herre, gjer godt mot dei gode, mot dei som har ¬ein ærleg hug.
5. Men Herren sender frå seg dei som slår inn på krokvegar, og dei som fer med vondskap. Fred vere over Israel!