Logo
🔍

Salmenes bok 126 N78NN

« Herren vender gråt til glede

1. Ein song til festferdene. Då Herren vende Sions lagnad, var det for oss som ein draum.

2. Då fyltest vår munn med lått, vår tunge med fagnadrop. Då sa dei mellom folka: «Store ting ¬har Herren gjort mot desse.»

3. Ja, store ting ¬har Herren gjort mot oss, og vi vart glade.

4. Vend vår lagnad, Herre, som bekkene i Negev!

5. Dei som sår med tårer, skal hausta med glederop.

6. Gråtande går dei ¬og sår sitt korn, med fagnadrop skal dei koma ¬og bera sine kornband.

»