Logo
🔍

Salmenes bok 127 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene fåfengt. Dersom Herren ikkje vaktar byen, vaker vaktmannen fåfengt.

2. Fåfengt står de tidleg opp og set dykk seint ned og et brødet de har slite for. Det same gjev han venene sine medan dei søv.

3. Born er ei gåve frå Herren, livsfrukt er ei løn.

4. Som piler i stridsmannens hand er søner ein får i sin ungdom.

5. Sæl er den mann som fyller pilehuset sitt med dei. Han blir ikkje til skamme når han talar mot fiendar i porten.

»