Logo
🔍

Salmenes bok 127 N78NN

« Alt er fåfengt utan Gud

1. Ein song til festferdene. Av Salomo. Dersom Herren ikkje ¬byggjer huset, arbeider bygningsmennene ¬til fånyttes. Dersom Herren ikkje ¬vaktar byen, vaker vaktmannen til fånyttes.

2. Fåfengt står de tidleg opp, fåfengt går de seint til bords og et det brødet ¬de har slite for. Det same gjev han sine vener ¬medan dei søv.

3. Sjå, born er ei gåve frå Herren, livsfrukt er ei løn frå han.

4. Som piler i ei krigarhand er søner ein får i sin ungdom.

5. Sæl er den mann som fyller pilehuset sitt ¬med dei. Han treng ikkje skjemmast når han talar mot fiendar ¬på tinget.

»