Salmenes bok 128 N11NN
1. Ein song til festreisene. Sæl er den som fryktar Herren og går på hans vegar.
2. Du får nyta frukta av ditt strev. Sæl er du, det skal gå deg vel.
3. Kona di er som ein fruktbar vinstokk inne i ditt hus, borna er som unge oliventre rundt bordet.
4. Ja, slik blir ein mann velsigna når han fryktar Herren.
5. Herren velsigne deg frå Sion så du får nyta Jerusalems lukke alle dine dagar!
6. Måtte du sjå born av dine born! Fred over Israel!