Logo
🔍

Salmenes bok 128 N78NN

« Guds velsigning i heimen

1. Ein song til festferdene. Sæl er kvar den ¬som ottast Herren og ferdast på hans vegar.

2. Du får nyta frukta av ditt strev. Sæl er du, det skal gå deg vel.

3. Kona di er ¬som eit grøderikt vintre der inne i ditt hus, og dine søner kring ditt bord er som unge oliventre.

4. Ja, såleis vert han velsigna, den mann som ottast Herren.

5. Herren velsigne deg frå Sion, så du får sjå Jerusalems lukke alle dine levedagar,

6. og får sjå born av dine born. Fred vere over Israel!

»