Logo
🔍

Salmenes bok 129 N78NN

« Hardt har dei stridt imot meg

1. Ein song til festferdene. Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom – så skal Israel seia.

2. Hardt har dei stridt imot meg ¬heilt frå min ungdom, men dei har ikkje vunne ¬over meg.

3. På ryggen min ¬har plogmenn pløgt og drege lange fòrer.

4. Men Herren er rettferdig, reipa åt dei gudlause ¬har han hogge av.

5. Gjev alle som hatar Sion, må dra seg tilbake med skam!

6. Dei skal verta lik gras på taket, som visnar før ein får teke det.

7. Den som skjer det, ¬får ikkje handa full; den som samlar, ¬får ikkje eit fang.

8. Ingen som fer framom, ¬skal seia: «Herren signe dykk!» Vi velsignar dykk ¬i Herrens namn.

»