Logo
🔍

Salmenes bok 130 N11NN

«

1. Ein song til festreisene. Frå djupet ropar eg til deg, Herre.

2. Herre, høyr mi røyst! Vend øyret til mitt rop om nåde.

3. Dersom du, Herre, vil gøyma på synder, Herre, kven kan då bli ståande?

4. Men hos deg er tilgjeving, så vi skal frykta deg.

5. Eg set mi von til Herren, eg lengtar, eg ventar på hans ord.

6. Mi sjel ventar på Herren meir enn vaktmenn på morgonen, vaktmenn på morgonen.

7. Vent på Herren, Israel! For hos Herren er miskunn og kraft til å løysa ut.

8. Han skal løysa Israel ut frå alle deira synder.

»