Logo
🔍

Salmenes bok 130 N78NN

« Frå djupet ropar eg til deg

1. Ein song til festferdene. Frå djupet ropar eg til deg, ¬Herre.

2. Herre, høyr mi røyst! Vend øyra til og høyr når eg tryglar og bed.

3. Dersom du vil gøyma ¬på syndeskuld, Herre, kven kan då verta ståande?

4. Men hjå deg er tilgjeving; difor må vi ottast deg.

5. Eg ventar, ja vonar på Herren, eg ventar på hans ord.

6. Eg stundar etter Herren meir enn vaktmenn ¬etter morgonen, vaktmenn etter morgonen.

7. Venta på Herren, Israel! For hjå Herren er miskunn, hjå han er full utløysing.

8. Herren skal løysa ut Israel frå alle deira synder.

»