Logo
🔍

Salmenes bok 132 N78NN

« Sion og Davids ætt

1. Ein song til festferdene. Herre, kom David i hug for all den møda han heldt ut!

2. Han svor Herren ein eid, gav Jakobs Veldige ein lovnad:

3. «Eg går ikkje inn i min bustad og legg meg ikkje på mi lege,

4. eg unner meg ikkje ¬blund på augo, lèt ikkje augneloka kvila

5. før eg har funne ¬ein stad for Herren, ein bustad for Jakobs Veldige.»

6. Vi høyrde om paktkista ¬i Efrata, vi fann henne ¬på Ja’ar-markene.

7. Kom, lat oss gå ¬til Herrens bustad og kasta oss ned ¬for hans fotskammel!

8. Reis deg, Herre, ¬og kom til den stad der du slår deg til ro, du og ditt veldes kiste.

9. Prestane dine ¬skal vera kledde i rettferd, og dei som held di pakt, ¬skal jubla.

10. For David, din tenar skuld, vis ikkje frå deg ¬den du har salva!

11. Herren har svore David ¬ein eid, eit påliteleg ord, ¬som han ikkje går frå: «Menn av di ætt vil eg setja på din kongsstol.

12. Dersom sønene dine ¬held mi pakt og den lov eg vil læra dei, så skal deira søner òg for alltid sitja ¬på din kongsstol.»

13. For Herren har valt ut Sion, som han vil ha til bustad:

14. «Dette skal vera ¬min kvilestad for alltid, her vil eg bu, ¬det er mitt ynske.

15. Maten på Sion vil eg velsigna, og dei fattige vil eg metta ¬med brød.

16. Sions prestar kler eg ¬med frelse, og dei trugne skal ropa ¬av fagnad.

17. Der lèt eg Davids-ætta få makt, eg steller til ei lampe ¬for den eg har salva.

18. Hans fiendar vil eg kle ¬med skam men på hans hovud ¬skal krona stråla.»

»