Salmenes bok 136 N11NN
1. Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn.
2. Pris han som er Gud over alle gudar, evig varer hans miskunn.
3. Pris han som er Herre over alle herrar, evig varer hans miskunn.
4. Han åleine gjer store under, evig varer hans miskunn.
5. Han skapte himmelen med forstand, evig varer hans miskunn.
6. Han breidde jorda ut over vatnet, evig varer hans miskunn.
7. Han skapte dei store lysa, evig varer hans miskunn,
8. sola til å herska over dagen, evig varer hans miskunn,
9. månen og stjernene til å herska over natta, evig varer hans miskunn.
10. Han slo dei førstefødde i Egypt, evig varer hans miskunn,
11. og førte Israel ut derifrå, evig varer hans miskunn,
12. med sterk hand og utstrekt arm, evig varer hans miskunn.
13. Han kløyvde Sivsjøen i to, evig varer hans miskunn,
14. førte Israel tvers igjennom, evig varer hans miskunn,
15. og støytte farao og hans hær ut i Sivsjøen, evig varer hans miskunn.
16. Han førte sitt folk i ørkenen, evig varer hans miskunn.
17. Han slo store kongar, evig varer hans miskunn,
18. drap veldige kongar, evig varer hans miskunn,
19. amorittkongen Sihon, evig varer hans miskunn,
20. kong Og i Basan, evig varer hans miskunn,
21. og gav deira land til eigedom, evig varer hans miskunn,
22. til eigedom for Israel, sin tenar, evig varer hans miskunn.
23. Han kom oss i hug då vi var fornedra, evig varer hans miskunn,
24. og reiv oss ut av våre fiendars vald, evig varer hans miskunn.
25. Han gjev mat til alt som lever, evig varer hans miskunn.
26. Pris Gud i himmelen, evig varer hans miskunn.