Salmenes bok 136 N78NN
1. Pris Herren, for han er god, ¬evig varer hans miskunn!
2. Pris han som er Gud ¬over alle gudar, ¬evig varer hans miskunn!
3. Pris han som er herre ¬over alle herrar, ¬evig varer hans miskunn!
4. Einast han gjer store under, ¬evig varer hans miskunn!
5. Han skapte himmelen ¬med visdom, ¬evig varer hans miskunn!
6. Han la jorda på vatnet, ¬evig varer hans miskunn!
7. Han skapte dei store ljosa, ¬evig varer hans miskunn!
8. sola til å råda om dagen, ¬evig varer hans miskunn!
9. månen og stjernene ¬til å råda om natta, ¬evig varer hans miskunn!
10. Han slo Egypt ¬då han drap dei fyrstefødde, ¬evig varer hans miskunn!
11. og førte Israel ut derifrå, ¬evig varer hans miskunn!
12. med sterk hand og strak arm, ¬evig varer hans miskunn!
13. Han kløyvde vatnet ¬i Sevsjøen i to, ¬evig varer hans miskunn!
14. førte Israel midt igjennom, ¬evig varer hans miskunn!
15. dreiv farao og hans hær ¬ut i sjøen, ¬evig varer hans miskunn!
16. Han førte sitt folk i øydemarka, ¬evig varer hans miskunn!
17. Han felte store kongar, ¬evig varer hans miskunn!
18. drap mektige kongar, ¬evig varer hans miskunn!
19. amorittkongen Sihon, ¬evig varer hans miskunn!
20. og kong Og i Basan, ¬evig varer hans miskunn!
21. Han gav deira land ¬til odel og eige, ¬evig varer hans miskunn!
22. til odel og eige ¬for Israel, sin tenar, ¬evig varer hans miskunn!
23. Han kom oss i hug ¬i vår fornedring, ¬evig varer hans miskunn!
24. og reiv oss ut or fiendevald, ¬evig varer hans miskunn!
25. Han gjev mat til alt som lever, ¬evig varer hans miskunn!
26. Pris han som er Gud ¬i himmelen, ¬evig varer hans miskunn!