Logo
🔍

Salmenes bok 137 N11NN

«

1. Ved elvane i Babel sat vi og gret når vi tenkte på Sion.

2. Vi hengde lyrene opp i piletrea.

3. Dei som tok oss til fange, bad oss om song, dei som bortførte oss, bad om glede: «Syng ein av Sions songar for oss!»

4. Korleis kan vi syngja Herrens songar på framand jord?

5. Gløymer eg deg, Jerusalem, så lat mi høgre hand bli gløymd!

6. Lat tunga klistra seg til ganen om eg ikkje tenkjer på deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!

7. Herre, hugs Jerusalems dag då Edoms søner sa: «Riv ned! Riv ned til grunnen!»

8. Du dotter Babel som er herja, sæl er den som gjev deg att for det du gjorde mot oss.

9. Sæl er den som grip dine born og knuser dei mot berget!

»