Logo
🔍

Salmenes bok 137 N78NN

« Ved Babels elvar

1. Ved Babels elvar, ¬der sat vi og gret når vi kom Sion i hug.

2. På piletrea der i landet lét vi våre harper hanga.

3. Der bad dei oss syngja, dei som heldt oss fanga; dei som plaga oss, ¬kravde glede: «Syng for oss av ¬Sions songar!»

4. Korleis kan vi syngja ¬Herrens song på framand jord?

5. Nei, gløymer eg deg, ¬Jerusalem, så lat mi høgre hand ¬verta gløymd!

6. Lat tunga hanga fast ved ganen om eg ikkje minnest deg, om eg ikkje set Jerusalem høgare enn mi største glede!

7. Herre, kom Jerusalems dag ¬i hug, og Edoms søner som sa: ¬«Riv ned! Ja, riv ned til grunnen!»

8. Babels dotter, du som er herja, sæl er den som gjev deg att for det du har gjort mot oss!

9. Sæl er den ¬som tek dine småborn og knuser dei mot berget!

»