Logo
🔍

Salmenes bok 138 N78NN

« Herren vil fullføra verket

1. Av David. Eg prisar deg, Herre, ¬av heile mitt hjarta, eg lovsyng deg ¬for augo på gudar.

2. Eg kastar meg ned ¬for ditt heilage tempel og prisar deg for di miskunn ¬og din truskap. Du har gjort ditt namn ¬og ditt ord større enn alle ting.

3. Den dagen eg ropa, ¬svara du meg; du gav meg mot og kraft i sjela.

4. Alle kongar på jord ¬skal prisa deg, Herre, når dei får høyra ¬dei ord du har tala.

5. Dei skal syngja ¬om Herrens vegar, for Herrens herlegdom er stor.

6. Ja, høg er Herren, ¬men han ser til den låge, langt bortanfrå ¬kjenner han den stolte.

7. Om eg ferdast i trengsle, ¬held du meg i live, du retter ut di hand ¬mot mine rasande fiendar og bergar meg ¬med di høgre hand.

8. Herren vil fullføra verket ¬for meg. Herre, di miskunn varer evig. Hald ikkje opp ¬med det verk du gjer!

»