Logo
🔍

Salmenes bok 139 N78NN

« Kvar skal eg fara frå din Ande?

1. Til korleiaren. Ein Davids-salme. Herre, du ransakar meg ¬og kjenner meg.

2. Anten eg sit eller står, ¬så veit du det, langt bortanfrå ¬merkar du mine tankar.

3. Anten eg går eller ligg, ¬så ser du det, du kjenner alle mine vegar.

4. Ja, før eg har eit ord på tunga, veit du det, Herre, fullt ¬og heilt.

5. Du kringset meg på alle ¬sider, du har lagt di hand på meg.

6. Det er for underfullt ¬til å skjøna, det er så høgt ¬at eg ikkje kan fatta det.

7. Kvar skal eg fara frå din Ande, kvar skal eg røma frå ditt åsyn?

8. Fer eg opp til himmelen, ¬så er du der, og reier eg lege i dødsriket, ¬så er du der òg.

9. Tek eg morgonrodens ¬venger på og slår meg ned ¬der havet endar,

10. så fører du meg jamvel der, di høgre hand, ¬ho held meg fast.

11. Og seier eg: ¬«Lat mørkret løyna meg og ljoset ikring meg ¬verta natt»,

12. så er ikkje mørkret ¬for mørkt for deg, og natta er ljos som dagen, ja, mørkret er som ljoset.

13. For du har skapt mitt indre, du har vove meg i mors liv.

14. Eg takkar deg fordi eg er skapt på skræmeleg underfull vis. Underfulle er dine verk, det veit eg så vel.

15. Mine bein var ikkje dulde ¬for deg då eg vart skapt i løyndom og forma djupt i jorda.

16. Du såg meg då eg var eit foster, i di bok vart alt skrive opp; mine dagar fekk si form før ein einaste av dei ¬var komen.

17. Kor høge dine tankar er, Gud, kor veldig summen av dei!

18. Vil eg telja dei, ¬er dei tallause som sand; kjem eg til endes med det, ¬er eg enno hjå deg.

19. Gjev du ville drepa den vonde, ¬Gud, og la drapsmennene vika ¬frå meg,

20. dei som talar svikefullt om deg og reiser seg mot deg ¬i vondskap.

21. Eg hatar dine fiendar, Herre, har uvilje mot dei ¬som står deg imot.

22. Eg hatar dei ¬med eit grenselaust hat og held dei for mine fiendar.

23. Ransak meg, Gud, ¬og kjenn mitt hjarta, prøv meg og kjenn ¬mine tankar!

24. Sjå om eg er ¬på den vonde vegen, og lei meg på ævevegen!

»